Fossestien

Fossestien, som går like forbi garden,er ein vel tilrettelagt og godt merka tursti som går langs Gaularvassdraget frå høgfjellet og 22 km ned gjennom heile dalen. Vekslande landskap og natur med 14 fossar og 7 vatn.

Eldalstunet er eit godt utgangspunkt for korte "prøveturar" på Fossestien. Vil du gå lenger, kan vi hjelpe deg med returtransport til bilen. Kanskje det hadde passa med frukost først og lunsjpakke med på turen?



Catering

Vi leverer lokal mat og koldtbord på bestilling.
Kjøtet me brukar er frå eigen produksjon, og me lagar all mat frå grunnen av.
Kontakt oss for prisar og meny.

 

Serveringstilbodet

Gardsresturanten vår ligg i gamlehuset på garden og der kan vi dekke til 60-70 personar.

Vi lagar all mat frå botn av og brukar for det meste lokale råvarer. Storfe-, svin- og sauekjøt

er frå eigen gard. Når dyra er slakta hjå Nortura,

tek vi over og lagar stykningsdeler som vi bruker i serveringa. Det meste av produksjonen vår blir brukt i resturanten.
 

Lokalmarknaden er svært viktig for oss og vi har mange minnestunder, barnedåpar og konfirmasjonar kvart år. Bryllaup med 60-70 middagsgjester går også fint.
 

Juni til September har vi middag kvar laurdag og sundag. Opningstida er frå kl 12 til 18 og vi har tid til å vise deg omkring i husflidsutsalet eller verkstaden. Høver fint for ein rundtur gjennom Sunnfjord og Sogn.


 

Trearbeid

Vi har og snikkrverkstad og driv skreddarsaum på alt frå dører og vindauge til møblar og treskilt. Vi brukar tre frå eigen skog, og sorterar materialane nøye. Kjerneved av furu har lang haldbarheit for utandørs bruk. Kontakt oss for ein prat om det du vil ha laga og prisar.