Viksdalsmålinga

Viksdalsmåling, den tradisjonsrike dekoren frå Viksdalen, blir brukt til å dekorere det meste av det vi lagar. Denne stilen hadde si storheitstid frå slutten av 1700- tallet og fram til ikring 1920.
Etter den tid har det ikkje vore utøvande handverkarar som har måla denne stilen,
før Alvhild tok den opp att kring 1980.
Denne dekoren byggjer m.a. på gamle symbol som krossen. Den har vore eit gamalt kristent symbol, men har også vore brukt i eldre tid som vernande, velsignande og lukkebringande.

Husflid frå Viksdalen

Vi har teke opp att den gamle husflidstradisjonen frå vårt distrikt, med sveiping av øskjer, tiner og korger. Korgene kan vere små bordkorger frå omlag 25 cm, til store flatbrøkorger som er 50-60 cm, i diameter. Øskjene og tinene er også laga i fleire ulike storleikar, alt etter bruken. Vi lagar også andre ting, som store kister, klokker, lysestakar, dreia fat og bollar. Alle produkta vert laga av materiale frå eigen skog.